Lokal | 21. juni 2019

På tulltur i Søvikåsen

Ein utanlandsk turistbuss køyrde seg fast i Søvikåsen i dag tidleg.

På tulltur i Søvikåsen
Dette gjekk ikkje ... (Lesarbilde: tips@midtsiden.no)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 21. juni 2019 12:57

Bildeserie:

Stoppet i Søvikåsen var nok ikkje ein planlagd del av reiseopphaldet i Noreg. (Lesarbilde: tips@midtsiden.no)
Stoppet i Søvikåsen var nok ikkje ein planlagd del av reiseopphaldet i Noreg. (Lesarbilde: tips@midtsiden.no)
1 av 1
Stoppet i Søvikåsen var nok ikkje ein planlagd del av reiseopphaldet i Noreg. (Lesarbilde: tips@midtsiden.no)

– Eg skulle til ein avtale på Os klokka halv ni i dag tidleg. Då eg kom til Ulven-sida av Søvikåsen vart det stopp. I svingane stod ein buss kilt fast på veg nedover.

Dette fortel ein Midtsiden-lesar.

– Passasjerane stod utanfor bussen, og for oss var det berre å rygga opp att, snu og køyra om kloster-ruinane for å rekkja avtalen.

– Vi prøve å ringja lensmannskontoret, men fekk beskjed om at dei ikkje opna før klokka 9, så vi vart kopla vidare til operasjonssentralen i Bergen.

Kom seg laus for eigen hjelp

Ved Os lensmannskontor kan dei i ettermiddag opplysa at dei tok ein tur ut til bussen då dei fekk meldinga.

Både buss og passasjerar var utanlandske, og sjåføren hadde teke GPS-en sitt forlag til rute for god fisk.

Bussen kom seg laus og vidare for eigen hjelp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.