Lokal | 07. juli 2010

På ulovleg besøk

Ein mann med besøksforbod tok seg i natt inn til kvinna han ikkje har lov til å besøka.

På ulovleg besøk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. juli 2010 08:01

I 1-tida natt til onsdag rykte politiet ut på melding om brot på besøksforbod.

- Ein mann i 30-åra besøkte ei kvinne i 30-åra som han ikkje har lov til å oppsøka, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen er ein kjenning av politiet, og det er ikkje første gong han bryt besøksforbodet.

- Det var ingen dramatikk på staden, men vi plasserte mannen i arresten over natta så blir det opp til jurist kva vi gjer vidare med vedkomande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.