Sport | 30. sep. 2014

På veg mot førstedivisjon

Serieleiar: Osingen Vegard Leikvoll Moberg og resten av Åsane kan bli Brann sin motstandar i 2015.

På veg mot førstedivisjon
Vegard Leikvoll Moberg i kamp mot Brann 2 i fjor. (Arkivbilde, foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. sep. 2014 10:44

– Det hadde vore gøy å spela bortekamp på Stadion, men verken eg eller dei andre på laget håper at Brann rykker ned, seier Vegard til Midtsiden.no.

Vegard, som gjekk frå Os etter nedrykket frå 2. divisjon hausten 2010, til 2. divisjonsklubben Åsane, håper derimot på opprykk til eige lag.

Det er fire rundar igjen i Oddsenligaen. Åsane leiar tabellen og speler toppkamp mot Egersund på heimebane førstkomande laurdag (kl 16).

Egersund ligg på 2. plass 5 poeng bak Åsane. Oppgjeret mellom dei to laga i vårsesongen enda 2-2.

– Stigande formkurve

Dei siste åra har Åsane lagt i toppen av tabellen første halvår, også i fjor låg dei nær toppen og over Nest-Sotra, som til slutt rykte opp.

– Forskjellen i år er at vi har ein breiare stall og at vi har klart å halda ein annan intensitet på treningane utover hausten.

– Kjetil Knutsen har gjort ein god jobb som trenar, han har løfta oss, meiner Leikvoll Moberg.

Førre heimekamp spelte Åsane mot Vidar, som ligg på 4. plass. Kampen enda med 7-0-siger.

– Det er den beste kampen Åsane har spelt så lenge eg har vore i klubben, formen er god og stigande.

Mykje speletid i ny rolle

Bortsett frå éin kamp med karantene og éin ute med skade spelte Vegard alle minutta av Åsane sin 2013-sesong.

Også i år har osingen, som no går sisteåret på BI, spelt mykje.

– Eg blei dessverre skadd i foten i slutten av mai og var ute til midten av august. Heldigvis kom eg rett inn på laget igjen då eg var tilbake.

Vegard er i år flytta fram frå midtforsvaret til djup midtbane, som er ei rolle han trivst endå betre i.

Kan møta Haugsdal neste år

I år har Vegard vore motstandar med blant andre osingane Fredrik Heggland og Simen Lassen på Brann 2, som til liks som A-laget er i fare for å rykka ned.

Uavhengig av kva som skjer med Brann og Brann 2 kan Vegard koma til å treffa motstandar frå Os om Åsane rykker opp til førstedivisjon.

Der er Nest-Sotra og Bjarte Haugsdal, som i skrivande stund ligg på 11. plass av 16 lag.

– Kampen laurdag blir viktig, men vi har også Vard Haugesund på 3. plass igjen å møta før sesongen er over, så det blir uansett nokre spennande veker framover, seier Vegard Leikvoll Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.