Sport | 05. des. 2014

På veg til julebord på Os

Jørgen Molvik tapte eit veddemål og må ut på ein noko spesiell tur.

På veg til julebord på Os
Jørgen Molvik i fri galopp forbi Friele på Midttun. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. des. 2014 11:08

Bildeserie:

Jørgen med følge må ri og sykla frå Midttun til Adams Matkasse i Sandviken. Så blir det julebord i Os. (Google Maps)
Jørgen med følge må ri og sykla frå Midttun til Adams Matkasse i Sandviken. Så blir det julebord i Os. (Google Maps)
1 av 1
Jørgen med følge må ri og sykla frå Midttun til Adams Matkasse i Sandviken. Så blir det julebord i Os. (Google Maps)

– Viss du passerer 10.000 abonnentar så skal eg ri på ponni frå kontoret mitt til kontoret ditt, sa Jørgen Molvik til Lasse Smedsvig under «Herremiddagen» i Bergen for nokre månadar sidan.

Smedsvig og dei unge kamaratane i Adams Matkasse har gjort stor suksess. Bedrifta, som har produksjon og pakking i Os, har hovudkontor i Sandviken i Bergen.

– Eg har alltid hatt tru på desse gutane, men at dei skulle ekspandera så voldsomt var eg altså villig til å vedda mot, fortviler Jørgen på telefon til Midtsiden.

Molvik Grafisk AS, som er byrå for Adams Matkasse, har kontor på Midttun, så den plutseleg så aktuelle rideturen blir over 14 km lang.

Turen er i gang!

I dag sette Jørgen seg i salen, men ikkje for å ri. Den annonserte ponnien slepp turen, den er erstatta med to «ponni-syklar», komiske syklar som krev ein litt spesiell teknikk.

– Du må bevega deg som om du rir for å få dei dekorerte syklane til å flytta seg, fortel Jørgen.

Turen starta fredag morgon, under namnet Tour de Molvik, og ryttarane legg ut oppdatering med video på Molvik si facebookside.

Med seg har Jørgen pappa Knut Molvik og kollega Terje Johnsen.

Endar opp i Os

Molvik fortel at turen til no har vore tung, men med fleire fine pausar.

– Vi har blitt invitert på mat og drikke hos ulike kundar, og blant anna vore innom Rema 1000 for ei øl og Landsmannen og ete graut.

– Akkurat no er vi på veg ned mot Danmarksplass, fortel Jørgen i 12-tida.

Etter målgang hos Adams Matkasse ventar tur til julebord ved ein restaurant i Os. Kva restaurant det er skal vera ei overrasking for dei tilsette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.