Lokal | 10. sep. 2009

På veg til Kypros

- Vi har ikkje sommarfuglar magen, vi har strutsar, seier aktivitetsleiar Tor Arne Hitland før avreise til Kypros i dag.

På veg til Kypros
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. sep. 2009 19:52

For femte år på rad blir det arrangert trivselstur til Kypros for ulike brukargrupper i Os, og dei siste åra har stadig fleire hengt seg på.

- Det er folk frå fleire nabokommunar med. I dag kjem 110 heim frå Fig Tree Bay på Kypros, og så reiser vi 110 ned, 18 av dei frå Os, fortel Hitland.

Jonny Haugland frå kulturkontoret i Os er også med på turen. Han fortel at tilbodet frå Vital Tour i år er utvida frå to til fire veker.

- Nokre blir i éi veke, andre i to. Utanom dei 220 som reiser frå og til i dag skal rundt 80 på tur neste torsdag, fortel Haugland.

Nye aktivitetar
PU-gjengen bur på Paramount Hotell i Fig Tree Bay. Musikkverkstad, shoppingtur og besøk i badeland i Ayia Napa er blant det som står på programmet.

- Dei som er på musikkverkstad held show for oss om kvelden. I tillegg har vi nokre nye aktivitetar i år.

I fjor var dykkeinstruktør på plass så gjestane kunne prøva dykkarutstyr i bassenget på hotellet. I år har turoperatørane organisert med vannsport på den vesle stranda nedanfor hotellet.

- Eg trur det blir vellukka med litt action, seier Tor Arne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.