10. klassingar på omvising på Os vgs

På veg til val av vidaregåande skule

Januar er tid for omvising. I går var elevar frå nabokommunane på omvising i Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag 1. mars er søknadsfrist til opptak på dei vidaregåande skulane i Hordaland fylkeskommune.

Les meir og søk på hordaland.no

Dei siste vekene har elevar frå 10. trinn ved Os ungdomsskule, Nore Neset ungdomsskule og fleire nabokommunar vore på besøk i Os.

Vi var med då elevar frå Tysnes, Samnanger og nokre skular i Bergen i går besøkte helsefag ved Os vgs.

Sjå video i ruta over, med intervju med rådgjeva Ingrid Lund Eide.

Lange ventelister dei siste åra

I 2017 hadde Os vgs 100 på venteliste. Etter tredje og siste opptaksrunde i 2017 sto det 280 elevar som ikkje hadde fått ein av dei 480 plassane ved ulike fag.

I fjor auka mengda søkjarar igjen.

– Det er klart enkelte kan føla det som stress i slutten av 10. klassen, og frå VG1 til VG2, når du veit at det er sånn kamp om plassane, seier Lund Eide.

• Les òg: Politisk vilje til utviding ved Os vgs (desember 2018)

Kva spør elevane om? Les intervju med rådgjevar ved Os Gymnas og Os vgs frå januar 2018.

Fleire saker