Politi | 12. aug. 2021

Pågripen utan dramatikk

Mann sikta for trugslar.

Pågripen utan dramatikk
Politi og ambulanse parkerte først ved Hagavik Hjemmebakeri, men aksjonen skjedde ved ein bustad eit stykke vekke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. aug. 2021 07:28

Onsdag litt før klokka 18.30 fekk Midtsiden tips om ambulanse og fleire politipatruljer på utrykking til Grindavoll.

Så flytta dei aksjonen til eit bustadområde ein annan stad på Nore Neset.

– Vi jobbar med å pågripa ein mann. Det kan ta litt tid, og eg ønskjer ikkje å gå ut med fleire opplysingar enno, sa operasjonsleiar Tatjana Knappen til Midtsiden.

Klokka 19.30 var vedkomande pågripen.

– Det er ein mann i 40-åra, sikta for trugslar. Han blei pågripen utan problem, det gjekk stille og roleg for seg, fortel fungerande lensmann Anne Lyssand.

Det heile starta med ei melding klokka 15.59.

– Kven er trugslane retta mot?

– Eg vil ikkje gå nærmare inn på det no, anna enn at det ikkje er snakk om familie- eller naboforhold.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.