Lokal | 21. sep. 2012

Påkjørsel i Byvegen

To bulka bilar lagde kø i Os sentrum fredag ettermiddag. Ingen blei skadd.

Påkjørsel i Byvegen
Kvinna i bilen som blei påkjørt tok sjølv tak og drog ut skjermen så ho kunne kjøra vidare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. sep. 2012 14:41

Fredag i 14-tida var det eit trafikkuhell i Byvegen ved avkjørsla til Stegen.

Ein bil med retning sentrum blei påkjørt bakfrå og det blei full stopp i det eine kjørefeltet i nokre minutt.

Begge førarane, ei kvinne i den fremste bilen og ein mann i den bakerste, var åleine i bilane.

Ingen av dei såg ut til å vera skadd, men skjermane måtte bøyast ut for at dei to kunne kjøra vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.