Påkjørt på Drange
Ein ung hjort blei liggande lamma igjen i grøfta. Bilen kom frå det meir eller mindre uskadd.
I 1.30-tida natt til laurdag blei ein hjort påkjørt på Drange.
- Bilen, ein Toyota, fekk få eller ingen skadar, det var heller ikkje personskade, opplyser operasjonleiar i Hordaland politidistrikt Ole Geir Magnussen.
Hjorten blei liggande igjen i grøfta. Viltkontakt ved landbrukskontoret blei kontakta for å ta hand om dyret.
- Hjorten var lamma, men ikkje død, då eg kom fram, fortel Espen Andersen.
Andersen er ein av dei som driv med ettersøk i Os kommune.
- Det var ei ung kolle. Den har ikkje hatt kalv og den var ikkje drektig, fortel han.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.