Påkøyrd katt og havarerte bilar
Politiet kontrollerte 20 bilar på Halhjemsvegen i går. I tillegg fekk dei melding om påkøyrd katt og havari.


Torsdag klokka 09.05 fekk politiet melding om ein påkøyrd katt i Hatvikvegen.
– Den låg ved eit postkassestativ nær avkøyrsle til Steglet, seier politioverbetjent Anne Lyssand.
Meldar blei forklart at han måtte frakta katten til dyrlege for å få tips eller hjelp av dei.
I 16-tida torsdag hadde politiet trafikkontroll på E39 Halhjemsvegen. 20 bilistar blei sjekka utan at politiet fann noko å reagera på.
På morgonen torsdag, klokka 08.29, fekk politiet melding om havari av bil på Moberg, nær politistasjonen.
– Bilførar kontakta bilbergar sjølv.
Også onsdag i 07.30-tida var det havari, då i Lyshorntunnelen. Fartsgrensa blei redusert mens vedkomande venta på berging.
Tysdag ettermiddag var det ein bil som punkterte i Industrivegen.





