Påkøyrsel, tagging og fyllebråk
Trafikkulykke ved Joker på Søfteland. Vaksen tagger på bussterminalen og bråkete gjest på utestad.
Klokka 15 fredag ettermiddag fekk politet melding om ein påkøyrsel bakfrå på E39 ved Jokerbutikken på Søfteland.
– Det som truleg har skjedd er at den første bilen har stoppa for ein fotgjengar, så har bilen bak ikkje bremsa nok opp og køyrd inn i bilen framfor.
– Det var ingen personskade i ulykka og heller ikkje mistanke om rus.
– Då vi kom til staden hadde dei to allereie køyrd inn på parkeringa ved butikken og skreiv skademelding, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.
Vaksen taggar med narkotika
To timar seinare, kl 1705, fekk politiet melding om at ein person dreiv å tagga på veggane ved venterommet til bussterminalen i Os sentrum.
– Vi var på staden berre eit par minutt seinare og traff ein mann som etterkvart innrømte å ha gjort det.
– Han hadde skrive på veggen mot S. Tveit med sprittusj og fekk pålegg om å fjerna det umiddelbart, før det tørka, noko han gjorde.
– Ved ransaking av mannen blei det i tillegg til fleire tusjar også funnen narkotika på han.
Mannen i 30-åra kan difor venta seg ei anmelding.
Kranglete mann endte i fyllearresten
Natt til laurdag, i 0230-tida, fekk politiet melding om ein mann som ikkje klarte å oppføra seg på ein utestad i Os.
– Mannen i 30-åra fekk pålegg om å halde seg unna utestaden.
– Omlag ein halvtime seinare fekk vi melding om at same karen følgde etter to damer.
– Då vi kom til staden klarte han framleis ikkje å oppføra seg, så vi måtte ta med han til fyllearresten.
– Han vil bli meldt for ikkje å etterfølgje pålegg frå politiet og for å forulempa ein offentleg tenestemann.
Mangla lys
Politiet kontrollerte i morgontimane laurdag ein bil som mangla lys
– Der fekk bilførar mangel-lapp som må ordnast opp i innan rimeleg tid, avslutter vakthavande betjent.