– Parker med vett!
Vil skriva ut gebyr: Feilparkerte bilar skaper problem når kommunen skal brøyta vegane.
Måndag morgon laver snøen ned i Osbygda. Det kan gje utfordringar for brøytemannskapa, som skal prøva å halda vegane køyrbare.
– Vi har hatt mykje utfordringar med strøing og salting i vinter. Det har gitt oss ei god oversikt over kor det er greitt å koma fram og kor vi ikkje kjem fram, fortalde Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunnsutvikling i plan- og bygningsutvalet torsdag.
Freister med "snille" lappar
Eit av problema er at folk parkerer bilane slik at det blir for smalt å koma fram med brøyte- eller strøbil.
– VI har fått laga nokre lappar som seier at du står feilparkert, at vi ikkje kjem fram. Håpet er at at folk tek det til seg og parkerer betre neste gang.
Vil få gebyr
Men det er ikkje alle som har sleppt unna med berre ein «snill» lapp.
– Der det har stått bilar på plassar kor det ikkje er lov å parkera har vi måtta dra fram gebyrmaskina igjen. Dette vil vi nok bli litt råare på framover. Eg reknar med at de vil få høyra det, fortalde kommunalsjefen til politikarane.