Lokal | 25. aug. 2011

Pårørendes innsats i det gode liv …

LESARINNLEGG, Laila Reiertsen (Frp): Løn til pårørande, også i privat sektor..

Pårørendes innsats i det gode liv …
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. aug. 2011 06:52

>> Midtsiden samleside; les alle lesarinnlegga her

Vi er alle pårørande til nokon. Det vere seg barn, foreldre, ektefelle , sambuar eller vener. Det er fint at ein bryr seg. Og ikkje minst at samfunnet legg tilhøva til rette slik at ein får moglegheit til å bry seg. Og det å vere pårørande blir endå meir viktig i ei framtid der kampen om ressursane blir større.

Eg er glad for at vi i Os FrP saman med Høgre fekk til ei ordning med permisjon med løn for dei tilsette i Os kommune.

Tre dagar som sikkert skulle vore meir. Men likevel ein god start på det å visa at me har forståing for at menneske som vil yta ein ekstra pårørandeinnsats skal ha sjansen til det.

Dette gjekk dessverre ikkje dei styrande i regjeringa inn for då eit liknande forslag og var oppe i stortinget i fjor.

Dei gjekk inn for permisjon i ti dagar utan løn. Men me i FrP ville ha ti dagar med løn. Det hadde då vore nedfelt i arbeidsmiljøloven og fleire hadde kunna nytta seg av det.

Os FrP vil gå endå eit steg vidare i pårørandestøtte. I tilfelle når ein søkjer langtidsplass på sjukeheim så går det tid før plassen fysisk er tilgjengeleg. I denne tida er ein ofte i ein særs vanskeleg situasjon og ein treng dei næraste rundt seg.

Os FrP vil endra litt for at ein skal ha stor merksemd på at ein skal ha plass når ein er godkjent.

Difor vil me at når pårørande må ta seg fri frå arbeid for å driva med omsorgsarbeid for dei ein er pårørande til, når denne ventar på sjukeheimsplass, vil me utbetala 1000 kr døgeret til den pårørande.

Dette er då med å setja kommunen under press til å skaffa plass, samstundes verdsetja den pårørandes innsats i denne tida. Dette gjeld dei som får fri frå arbeidsgjevar, men då utan løn.

I det gode liv på Os for mange, er ein avhengig av pårørande og deira innsats!

Laila Marie Reiertsen
40. kandidat Os FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.