Lokal | 10. juli 2019
Partytelt blokkerte fylkesvegen
– Det blei litt kø inn mot Os sentrum.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. juli 2019 15:20
Onsdag låg eit stort partytelt og blokkerte fylkesveg 552 Mobergsbakken mellom Vognhallen og Peppes Pizza.
– Eg veit ikkje kor lenge det hadde lagt sånn, men kort tid etter bles det over i eitt køyrefelt, så eg kom meg opp Mobergsbakken, fortel Maria Lind Olsen til Midtsiden.
– Men det blei litt kø inn mot Os sentrum, legg ho til.
Også eit skilt hadde gått i bakken, sjølv om det ikkje har vore særleg kraftig vind i området.
Då Midtsiden kom til staden, litt over klokka 13, var teltet rydda vekk.
Vi har ikkje lykkast å nå Os Kulturutvikling, som driftar Vognhallen, og som nyleg har avslutta sommarens første av to skulptursymposium.