Lokal | 15. apr. 2011

Påskehelsing heim

Laila Reiertsen helsar frå Løvebakken.

Påskehelsing heim
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. apr. 2011 11:45

Påsken er rett rundt hjørnet. Det ser eg fram til. Sidan jul har det heller vore travelt det må seiast. Mange møter og enkelte lange kveldar i stortingssalen. Ja, for her gjeld ikkje arbeidsmiljølova. Ei lov som har vore mykje debattert i den seinare tid. Og då særs dette med arbeidstid og turnus.

I februar fekk eg meg ein tur til Vietnam det var ei stor oppleving. Grunnen til at eg reiste dit var i samanheng med at eg sit i Efta/Eøs komiteen. Der er det då ein utvida komité som reiste til Vietnam for å leggja eit godt grunnlag for ei handelsavtale med Vietnam. Noko som gjekk svært bra. Avtalen blir mest sannsynleg underskriven i juni i Liechtenstein. Då turen varte berre i fem dagar var det ikkje så mykje av landet ein såg. Men nysgjerrigheita til igjen å besøka landet vart vekt.

DLD datalagringsdirektivet var nett opp i Stortinget. Det blei vedtatt med 89 mot 80 stemmer. Der arbeidarpartiet saman med nesten heile høgregruppa gjekk inn for dette. FrP var imot. I ettertid har Ap og H fått mykje å takla . Dette i form av truslar, stengt datanett og svært krasse sms og kommentarar. Dette tar eg sterk avstand frå. Ein kan alle koma i situasjonar der ein taper avstemming. Det har me vore i og vil nok koma i. Men å gå så langt at kvardagen blir vanskeleg for desse som stemde imot kan ein ikkje akseptera.

Eg sjølv har også vore høgt oppe i media den seinaste tid. Det å gå ut på den måten eg gjorde står eg framleis støtt ved. For meg var mitt bodskap viktig. Den krassaste kritikken kom frå mine eigne. No når eg har høve ønskjer eg få takka hjerteleg for all støtte frå både kjende og ukjende. Det vere seg sms, mail, tlf og blomehelsingar. Dette varmar!

Vel uansett er det viktig å sjå framover. Difor skal eg nyta påsken saman med mine. Håpar og at lesarane av mitt innlegg får ei fin påskehøgtid. Ta vare på dykk sjølv!

God påske frå Løvebakken!

Laila Marie Reiertsen
Stortingsrepresentant FrP


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.