Påskenøtt 2
Ser du kvar dette er?
Kvar dag gjennom påsken vil vi, for å feira Os Turlag sitt 30-årsjubileum og i samarbeid med Er-An Veikro, visa bilde frå eit turterreng i Os.
Ser du kvar bildet er tatt, eller vil du tippa?
Send forslaget ditt til tips@midtsiden.no
Vinn billettar!
Alle som i løpet av påsken får tre rette svar er med i trekninga om to billettar til Elvis Show på Er-An Veikro laurdag 6. mai (verdi 2 x 300 kroner).
På showet er det offisiell opning av venterommet som er under bygging, avduking av ein stor Elvis-figur og konsert med Kjell Elvis, Twang Gang, Vossa Rebels og Jan Haaland med band (Nils Midtseter, Steinar Lyssand og Olav Skorpen).
Knutabruo
Den første påskenøtta var nok av det enkle slaget. Rett svar var Knutabruo, noko heile 97 av lesarane har sendt inn på tips@midtsiden.no. For å vera med i konkurransa må du senda inn e-post til oss. Det held ikkje å kommentera på saka eller på facebook.