Lokal | 10. apr. 2017

Påskenøtt 3

Ser du kor vi har vore på dagens bilde?

Påskenøtt 3
Ser du kor dette bilete er teke? Send ditt forslag på tips@midtsiden.no (foto: Camilla Hamre)
Andris Hamremåndag 10. apr. 2017 09:12

Kvar dag gjennom påsken vil vi, for å feira Os Turlag sitt 30-årsjubileum og i samarbeid med Er-An Veikro, visa bilde frå eit turterreng i Os.

Ser du kvar bildet er tatt, eller vil du tippa?

Send forslaget ditt til tips@midtsiden.no

Vinn billettar!

Alle som i løpet av påsken får tre rette svar er med i trekninga om to billettar til Elvis Show på Er-An Veikro laurdag 6. mai (verdi 2 x 300 kroner).

På showet er det offisiell opning av venterommet som er under bygging, avduking av ein stor Elvis-figur og konsert med Kjell Elvis, Twang Gang, Vossa Rebels og Jan Haaland med band (Nils Midtseter, Steinar Lyssand og Olav Skorpen).

Rett svar i går: Rindafjellet

Den andre påskenøtta var vanskelegare å knekka. Mange har sendt inn forslag på tips@midtsiden.no, kor både Tøsdalsfjellet, Liafjellet og Borgafjellet blei foreslått.

Nærmare var dei som foreslo Svinningen og Midtseterfjellet, men rett svar på oppgåva var Rindafjellet, ein av dei seks toppane du passerer om du går frå Svinningen til Midtseterfjellet.

For å vera med i konkurransen må du senda inn e-post til oss. Det held ikkje å kommentera på saka eller på facebook.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.