Lokal | 11. apr. 2017

Påskenøtt 4

Klarer du dagens nøtt? Kvar har vi vore på tur no?

Påskenøtt 4
Det er mange «bortgøymde» stiar i Os. Denne har eit historisk sus over seg. Kor har vi tatt vegen i dag? (foto: Camilla Hamre)
Andris Hamretysdag 11. apr. 2017 08:59

Kvar dag gjennom påsken vil vi, for å feira Os Turlag sitt 30-årsjubileum og i samarbeid med Er-An Veikro, visa bilde frå eit turterreng i Os.

Ser du kvar bildet er tatt, eller vil du tippa?

Send forslaget ditt til tips@midtsiden.no

(For å vera med i konkurransen må du senda epost, det held IKKJE å kommentera på saka eller på Facebook.)

Vinn billettar til Elvis-show!

Alle som i løpet av påsken får minst tre rette svar er med i trekninga om to billettar til Elvis Show på Er-An Veikro laurdag 6. mai (verdi 2 x 300 kroner).

På showet er det offisiell opning av venterommet som er under bygging, avduking av ein stor Elvis-figur og konsert med Kjell Elvis, Twang Gang, Vossa Rebels og Jan Haaland med band (Nils Midtseter, Steinar Lyssand og Olav Skorpen).

Rett svar i går: Hellerisningane i Vargavågen

Den tredje påskenøtta var det mange som visste kor var, over femti sendte rett svar på tips@midtsiden.no.

Vi godkjenner både Varga, Vargavågen og det heilt presise Grødalshaug ved Vargavågen som rett svar.

Hugsar du forresten at hellerisningene i 2001 blei utsett for hærverk?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.