Kultur | 20. apr. 2019

Påskeprat med Mats Cato

Fem kjappe spørsmål med Mats Cato Moldskred.

Påskeprat med Mats Cato
Mats Cato Moldskred vil bruka påsken på å trena og spela gitar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. apr. 2019 10:00

Mats Cato Moldskred, toppskårar for Os i 2018, fekk så vidt koma i gang med årets serie før påskeferien sto på trappa.

– Korleis blir påsken din i år; fjellet, båtpuss, hagestell eller i sofaen?

– Eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg gjer i påsken. Eg blir truleg heime, speler gitar og trener litt, svarte Mats Cato før påsken var i gang.

– Kor mange dagar har du stått på ski denne snøfattige vinteren?

– Veldig lite, berre to dagar.

– Har du nokre påsketradisjonar?

– Mamma og dei kjøpte hytte for nokre år sidan, så familien plar samlast der. Men eg blir nok som sagt heime i år.

– Om du skal anbefala ein tur i Os - kor går turen?

– Då blir det nok ein tur på Møsnuken.

– Kven fortener eit stort påskeegg?

– Chris Kytiri og Arild Havsgård!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.