Lokal | 14. sep. 2010

Pass på!

8 større påhengsmotorar er stole i Holmefjord. No åtvarar politiet båteigarar på Os.

Andris Hamretysdag 14. sep. 2010 12:53

Lensmann i Fusa og Tysnes fekk i dag inn melding om at det er stole 8 store motorar frå båthamnar i Holmefjord. Dei skal visstnok òg ha løsna nokre båtar opplyser lensmannskontoret på Tysnes.

- Vi ønkjer å gå ut med ein generell åtvaring til båteigarar i Os, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Årleg hending
Politiet i Os har sett det kvart år at båtmotorar har blitt stole på hausten. Ein gjengangar har vore utenlandske bandar som har teke seg raid i båttette strøk og teke med seg verdifulle motorar.

- Vi forventer nesten at det skjer i år òg om folk ikkje er observante og passar på, seier Hadler-Olsen

Lys grå varebil
Torsdag blei ein lys grå varebil utan vindauge på sida observert på Lepsøy. I den skal det ha vore to mann som fotograferte og filma båtar.

Midtsiden.no skreiv førre fredag om tilsvarande observasjonar i Hatvika.

- Vi trur dei har vore ute på rekognosering for å finna eigna motorar å ta med seg, fotel Hadler-Olsen.

Han ber folk være merksamme og noter seg bilnummer og andre kjennetekn om dei møtar på ukjente bilar og folk i og ved båthamnene i Os. Spesielt gjeld dette på kvelds- og natterstid.

Observasjonar kan meldast til Os lensmannskontor på 56 30 39 00 eller 480 02 480.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.