Lokal | 01. mars 2016

– Passar berre til ein 40 fots Princess

Næringslivet kritisk til den planlagte skjerminga av Os hamn. – Skal vi køyra slalåm for å levara varene blir risikoen for høg, fortel reiar.

– Passar berre til ein 40 fots Princess
MS Nyfjell klarte å komma seg til og frå kai måndag, men fryktar tilhøva om bølgjebrytarar blir installert i Os hamn (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 01. mars 2016 08:37

Kvar veke året igjennom leverer Sveholmen shipping omlag 160 000 tonn sand til Brødrene Borgen via industrikaien på Osøyro.

– Det er ikkje berre Brødrene Borgen som får varer levert over kaien. Vi leverer òg store mengder asfalt over den i sesongen. Og no når dei skal bygga ut E39 mellom Os og Bergen reknar eg med at Statens vegvesen vil vurdera den leveransevegen når ein kjem til ein skal byrja asfalteringa, seier Jan Erik Einarsen i Sveholmen Shipping.

15 cm klaring

Tysdag leverte MS Nyfjell til Brødrene Borgen.

– Os hamn er 5 meter djup. Når eg kjem inn fullasta stikk eg 4,85 meter djupt. Det tydar på at eg berre har 15 cm klaring for vatnet som skal ut elva skal pressa seg forbi.

– Vi kjenner det godt i skipet når vi skal manøvrera til kai, fortel skipper Alfred Ulvarsøy.

Risikofylt slalomkøyring

Frykta er at vêr og vind umogleggjer nytte-trafikk som i dag.

– Planane om bøljebrytarar er ikkje akkurat positivt for skipstrafikken. Det kan fort bli problematisk å komma til om ein skal køyra slalom inn til havna.

– Kommunen må hugsa på at det er ikkje berre på godvêrsdagar vi skal til kai.

– Kombinasjonen høg vannstand med god straum i elva og sør/sør-austleg vind er ikkje uvanleg. Denne løysinga kan gjera det risikofullt for oss å gå inn til Os hamn.

– Eg veit ikkje kva kommunen har tenkt, men ut frå dei skissene eg har sett av planane, så ser det heilt idiotisk ut. Gjer ein dette så blir hamna berre brukanes for ein 13 fots Askeladden eller ein 40 fots Princess. Ein har i allefall ikkje tatt omsyn til skipstrafikk og varelevering på industrikaien, påpeiker Einarsen.

Inga alternativ

Både Einarsen og Kristian Borgen i Borgen Betong er samde om at det ikkje finst alternative kaiar til industrikaien i sentrum.

– Halhjem er ikkje eit alternativ. Der kjem vi i konflikt med ferjene, påpeikar Einarsen.

– I tillegg medfører det store kostnadar og miljømessige konsekvenser med meir køyring på lastebil og utslepp frå desse. Det blir dobbelt så mange bilar og dobbelt så mykje køyring om vi skal hente sanda ute på Halhjem, supplerer Borgen.

Om Halhjemskaien blir fristilt som industrikai ein eller annan gong i framtida i samband med Hordfast er framleis i det blå. Fram til då må ein i allefall sikra god tilgang frå sjøen.

– Berre sjå på all den utbygginga som er planlagt i Os. Det er ikkje tvil om at ein må ha ei funksjonell kai og hamn i all overskueleg framtid. Det får ein ikkje ved å sperra hamna med bølgjebrytarane, avsluttar Einarsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.