Lokal | 01. juni 2014

Påtent moped laga grasbrann

Gras- og lyngbrann på Lekven: Påtent moped starta brannen, politiet etterlyser vitner.

Påtent moped laga grasbrann
Politi og brannvesenet rykte ut på brannen på Lekven (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 01. juni 2014 09:00

I 4-tida natt til sundag rykte politi og brannvesen ut på melding om ein gras- og lyngbrann i Lekvenmarka.

– Det ser ut som brannen har starta med at ein moped har blitt påtent, for så å spreia seg til graset rundt.

– To personar skal ha blitt observert av vitne i nærleiken av brannen. Vi mistenker at det er desse som har starta brannen.

– Om det er andre vitne som har sett eller høyrt noko så ber vi dei kontakta politiet, seier politibetjent Kenneth Rastad.

Brannvesenet fekk raskt kontroll over brannen. Vitne kan kontakta politiet på 02800.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.