Næringsliv | 20. jan. 2017

Påtroppande sjef tok arkivdykk på dugnad

Når William Lindborg om ti dagar byrjar som leiar for Os Sentrumsforening, er det i Midtsiden sitt førre kontorlokale.

Påtroppande sjef tok arkivdykk på dugnad
Os Sentrumsforening, Macbox og Midtsiden har lang fartstid saman. Her er William i ferd med å koma på plass i Midtsidens førre kontorlokale. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. jan. 2017 13:18

I midten av november blei det kjent at William Lindborg blir ny leiar for Os Sentrumsforening. Lindborg går frå jobben som administrativ leiar for filmfestivalen BIFF når han onsdag 1. februar har sin første arbeidsdag på Osøyro.

I dag er han på dugnad i gamalt og nytt kontorlokale i 4. høgda i Smiegården.

– Eg har rikeleg å gjera før eg har siste dag hos BIFF. Det er ein jobb eg har likt meg godt i, og eg prøver å runda av på ein ryddig måte, at det blir enkelt for andre å ta over arbeidet mitt.

– Men i dag tok eg meg tid til å vera med styreleiar på Os på dugnad.

Fine tilbakeblikk

Daniel Skotheim var godt i gang med ryddesjauen, OSF flyttar over gangen og inn i lokalet som Midtsiden AS for eit år sidan flytta frå.

– Det er mykje arkivsaker her. Noko er boss, andre ting er nesten klart for museum. Eg tenkte det kunne vera greit for William å sjå over dette saman med meg, seier Skotheim.

Den påtroppande sjefen synest tilbakeblikka er nyttige og hyggelege.

– Her er brosjyrar, annonsar og aviser, arkivsaker som er med på å gjera meg litt kjent med ein arbeidsgjevar som eg ikkje veit så mykje om frå før.

– Det er viktig å sjå framover, men òg nyttig å kjenna litt til historikken.

Føler seg velkomen

Lindborg har utdanning innan økonomi og administrasjon, har vore butikksjef på familien sin Joker-butikk på Søfteland og har breis fartstid som arrangør, blant anna av Søfteland Rock N LOL, som blei kåra til Bergens beste festival.

Det hagla med velkomsthelsingar og «likes» då han blei annonsert som ny dagleg leiar for Os Sentrumsforening.

– Eg er audmjuk og takksam, og håper fallhøgda ikkje har blitt for stor. Eg føler meg samtidig trygg på at eg skal kunna gjera ein god jobb for bedriftene i sentrum.

Dei første praktiske oppgåvene blir blant anna å vera med på ein prosess med forming av ny logo og nye heimesider. Ein god månad etter start, i mars, er det òg årsmøte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.