Lokal | 25. jan. 2011

Pengane på plass

Formannskapet løyvde tysdag pengar til både skatepark på Kuventræ og musikkbinge på Søfteland.

Pengane på plass
Andris Hamretirsdag 25. jan. 2011 11:43

Kommunestyret vedtok i siste møte før jul at skatepark på Kuventræ skulle førast opp øvst på lista over dei nærmiljøanlegga ein skulle søka spelemidlar for i 2011.

På tysdagens møte i formannskapet følgde politikarane opp og vedtok den endelege finansieringsplanen for skateparken.

Kommunen har fått 10.000 kroner i gåve fra Lions. I tillegg har FAU på Kuventræ skule ytt eit tilskot som gjer at private er inne med 75.000 kroner. Saman med spelemidlar på 155.937 og 80.938 frå kommunen sitt investeringsfond er no finansieringa på plass.

- Då er det berre å få sendt inn bestillinga, seier idrettskonsulent Tom Leonsen i Os kommune då Midtsiden ringer for å høyra kor tid parken kjem på plass.

- Går alt som planlagt, kjem den til å vera på plass i løpet av april, fortel Leonsen.

Musikkbinge no 2
Samstundes med at formannskapet vedtok skateparken på Kuventræ bestemte dei òg at musikkbinge no 2 i bygda skal settjast opp på Søfteland.

- Eg saknar riktig nok ei grunngjeving på kvifor nett Søfteland blir prioritert denne gongen, men har ingen problem med å støtta investeringa, sa Hedevig Holst (H).

Musikkbingen er, som skateparken, eit spleiselag. Kommunen fekk i november løyva 200.000 kroner frå musikkbingeordningen til ny binge i tillegg til utstyr for 25.000 kroner.

Resten av pengane henta formannskapet med 92.245,- i mva-kompensasjon, 19.000 som blei til overs frå førre musikkbinge og 124.979 kroner frå investeringsbudsjettet.

Då Midtsiden var i kontakt med kultursjef Lisbeth Axelsen i førre veke fortalte ho at ho berre venta på det formelle vedtaket og at vêrgudane blir litt snillare slik at tomta kan planerast før bingen kjem på plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.