Permitterer 30
ARKA har sendt permitteringsvarsel til over halvparten av dei tilsette.


Årleg blir det selt rundt 5000 lastebilar i Noreg. I år trur dagleg leiar ved ARKA AS i Kolskogen, Rolf Arne Rasmussen, at det kjem til å bli selt mellom 2500 og 3000.
- Vi såg at det byrja å gå nedover i fjor haust, men vi hadde bra med ordrereservar, så det har gått for fullt til ut april, seier Rasmussen.
ARKA produserer normalt rundt 200-300 påbygg til nye lastebilar i året. Heller ikkje dei ser ut til å koma knirkefritt gjennom finanskrisa, varsel om permittering er sendt ut til 30 av totalt 50 tilsette.
- Varsel om permittering frå slutten av mai er sendt ut, men vi kjem truleg til å halda dei fleste i arbeid fram til ferien startar. Kor tid vi kan ta inn igjen folk er førebels uvisst.