Rune Sævareid sette ny pers og Rudi Heilund debuterte med ei sterk tid i Os Rundt 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Pers og debut på Rune og Rudi

Os Rundt 2017: Rune Sævareid og Rudi Heilund var dei raskaste frå arrangørklubben CK Henie.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

CK Henie arrangerte i dag Os Rundt for 38. gong, som vanleg på 1. mai. I fjor kolliderte turrittet med både Fana 3-dagers og Bergen City Marathon, og berre 50 stilte til start.

– I år er det langt betre, med 109 påmeldte. Det ligg an til å bli eit godt og hardt ritt i strålande vêr, sa formann i CK Henie, Edvard Ramsvik, før start.

Deltakarrekorden på 180 er frå 2012.

Same løype - kortare teljande distanse

Start og mål var som vanleg ved Os Gymnas. Nytt i år var at tidtakinga ikkje starta ved gymnaset, syklistane måtte rundt Rema og ned på Byvegen, der klokka starta då dei passerte krysset ved Gymnasvegen, noko som skal tilsvara 53 sekund. Deltakarane blei dessutan haldne bak masterbilen fram til rundkøyringa i Os sentrum.

– Os Rundt er kort, men det er eit flott ritt, og ganske hardt, sidan turen går over Fanafjellet som er hardt nok i seg sjølv, seier vinnar Øystein Blom-Ohlsen frå Åsane CK.

– Eg var med første gong i 2002, og nesten kvart år seinare. Konkurransen var ekstra tøff i år, med mange sterke deltakarar, seier Blom-Ohlsen.

Han kom i mål på 1.00,55, som er ny bestetid.

Men legg vi til 53 sekund grunna nytt tidtakingspunkt så er tida ikkje betre enn førre rekord, 1.01,04 frå 2012.

Kjetil Isaksen frå Voss kom i mål på same tid, men blei slått på målstreken.

Sondre Vikøyr frå Bergen CK, son til tidlegare syklist Jørn Vikøyr frå Os, kom i mål eitt sekund etter dei to.

Dei beste frå Os

Lars Erlend Brattabø frå Bergen CK var igjen raskaste frå Os.

– Eg har trent greit i vinter, men veg litt meir enn før, så det var litt tyngre, spesielt opp Fanafjellet, seier Brattabø.

Han kom i mål på 1.04,12, godt nok til 2. plass i klassen menn 50 til 59 år.

Arrangørklubben CK Henie frå Os hadde mange medlemmar ute i løypa som vakt, men seks av dei fekk med seg rittet.

Dei to raskaste var Rune Sævareid, som sette ny personleg rekord med 1.07,53 (14. plass i klassen 40-49), og Rudi Heilund, som debuterte med 1.08,47 (25. plass i klassen 30-39).

Sjå komplett resultatliste på eqtiming.no.

Fleire saker