Sport | 05. mai 2014

Persa i Kina

Søndag gjekk Joachim Sælen sin første verdscup i kappgang som senior.

Persa i Kina
Joakim Sælen i Kina. (Privat foto)
Kari M. Lyssandmåndag 05. mai 2014 13:26

I Taicang i Kina stilte 112 deltakarar frå 46 land opp til start på 20 kilometer kappgang under IAAF World Racewalking Cup søndag.

TIF Viking-utøvar Jakim Sælen frå Os gjekk sin første verdscup som senior og her møtte han mange kappgangarar som er i verdstoppen.

20 km på under 1,5 time

- Joakim skulle gå sitt løp og prøva å koma under tida 1 time og 30 minutt, fortel Nina Solvår Sælen frå TIF Viking friidrett.

Joakim klarte målet og sette personleg rekord med tida 1.28.05, ei forbetring på 2 minutt og 11 sekund.

- Joakim var berre 35 sekunder frå B-kravet til friidretts-EM i Zürich i august i år.

B- kravet er på 1.27.30.

Det kjem fleire sjansar til å kvalifisera seg for EM utover sesongen.

Hamna på sjukehus

Det var krevande føre for kappgangarane med mykje regn og glatt bane, noko som fekk konsekvens for ein annan osing, Erik Tysse.

Tysse gjekk godt og låg i tetgruppa, berre 15 sekunder bak leiaren.

Etter 15 kilometer var han uheldig på det glatte føret, han falt stygt og hamna på sjukehus.

Tysse skal vera kraftig forslått, men han skal ikkje ha noko brotskade.

Best av dei norske utøvarane blei Håvard Haukenes på ein 66. plass

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.