Sport | 15. nov. 2015

Persa på 1000-meteren

Sverre Lunde Pedersen sette ny personleg rekord på 1000 meteren i Calgary.

Persa på 1000-meteren
Sverre Lunde Pedersen satt ny personleg rekord laurdag kveld (foto: AH)
Andris Hamresøndag 15. nov. 2015 08:54

Det gjekk unna i Olympic Oval laurdag kveld. Samtlege norske utøvarar satte nye personlege rekordar på 1000-meteren.

Sverre Lunde Pedersen som går i B-pulja på den korte distansen gjekk inn på 1.09.31 godt og vel eitt sekund raskare enn den gamle rekorden han satte i Inzell i 2014.

Tida heldt til ein 12. plass i løpet.

Foran seg måtte Sverre blant anna sjå ein annan med røter på Os.

Sindre Henriksen, som debuterer i verdscupen denne helga, gjekk dei 1000 metrane på 1.09.10, også det ny personleg rekord.

Lunde Pedersen skulle eigentleg også gå lagtempo for menn, men det norske laget måtte trekka seg etter at Håvard Bøkko har fått ein skade i ryggen.

I dag, søndag, går Sverre Lunde Pedersen 1500 meter. Lunde Pedersen går i siste par mot kanadiske Vincent De Haitre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.