Lokal | 02. mars 2017

To personar er tatt

Etter at «Åsted Norge» og Midtsiden gjekk ut med etterlysing av innbrotstjuvane frå Joker på Søfteland har politiet fått gjennombrot i saka.

To personar er tatt
To personar, som politiet trur er dei to på bilete, er gripne etter tjuveriet hos Joker Søfteland (bilete frå overvåkingskamera)
Andris Hamretorsdag 02. mars 2017 09:28

Måndag kveld viste Åsted Norge på TV2 overvåkingsvideo frå innbrotet på Joker Søfteland natt til 15. februar.

Midtsiden følgde opp med ei lokal etterlysing.

– I den saka føler vi no at vi står nær ei oppklaring, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal ved Os lensmannskontor.

Fekk mange tips

Etterlysningane gav politiet fleire gode tips å jobba etter.

– Vi har kome så langt at vi har tatt to personar som vi føler kan vera dei riktige. I denne saka fekk vi mykje tips etter at de og Åsted Norge gjekk ut med etterlysing.

– Dei avgjerande tipsa kom nok etter TV-sendinga. Dei to som er tatt er ikkje frå Os. Det er gjerne det som gjer slike saker så vanskelege å oppklara, når vi snakker om omreisande kriminelle, seier Dyrdal.

Tjuvane fekk med seg tobakk og snus til ein verdi på om lag 40 000 kroner under innbrotet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.