Næringsliv | 02. juni 2009

Pinsen slo påsken

Joker By i Os sentrum har suksess med sundagsope, og pinsehelga blei endå travlare enn påsken.

Pinsen slo påsken
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. juni 2009 11:04

5. juni i fjor blei Drageset i sentrum til Joker By, eit sundagsope opplegg som har vore ein suksess i andre norske byar.

- Forventningane til butikken på Os var høge. Heldigvis har vi svart til forventningane, seier butikksjef Roger Turøy.

I pinsehelga blei omsetnaden langt over det som var venta, også høgare enn fridagane i påsken.

- Sidan det var så gode vêrmeldingar hadde eg ikkje trudd det skulle bli så godt sal denne helga. Likevel blei pinsen endå betre enn påsken, og storhandlinga held fram i dag, når folk skal fylla kjøleskapet igjen.

Pizza og grillmat
Vinterhalvåret er pizza ein av bestseljarane, vår og sommar går det unna med grillmat og salatar.

- Eg ser også at osingane veit kvar dei skal gå om dei får uventa besøk. Vaflar, kremfløyte og ferdigbakte kaker er nemleg også populære varer om sundagane.

Også totalen veks
Joker By har open alle sundagar og alle heilagdagar. Også 17. mai sto "Åpen 9-20"-skiltet utanfor butikken.

- Det er ikkje alle som har fått det med seg enno, men vi har ope 365 dagar i året. Vi får ein del fine tilbakemeldingar av folk som blir positivt overraska når dei kjem til opne dører, fortel Turøy.

Då butikken endra profil blei den også bygd om. Sjølv om den no har mindre salsflate og sundag som populær handlingsdag, har også den totale omsetnaden gått opp.

- I denne veka er det eitt år sidan opninga. No skal det bli interessant å få samanliknbare tal, seier Roger Turøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.