Lokal | 24. jan. 2018
Pipebrann i Hegglandsdalen
– Det blei ein enkel jobb, seier varabrannsjef Arne Monsen.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. jan. 2018 20:23
Litt før klokka 18 i kveld rykte Os brannvesen ut på melding om pipebrann.
– Dei som bur i huset oppdaga sjølv at det sto gneistrar opp pipa.
Brannvesenet sjekka skorsteinen og bustaden.
– Det var ein liten brann og alt er greit no. Det har ikkje kome røyk inn i bustaden og dei kan fint bu i huset i kveld. Vi er i ferd med å pakka saman og køyra tilbake til stasjonen, sa Monsen klokka 18.13.