Lokal | 05. nov. 2014

Pipebrann i Midtbøvegen

Tysdag rykte brannvesenet ut til Søfteland, onsdag morgon kom det melding om pipebrann.

Pipebrann i Midtbøvegen
Brannvesenet på taket på eit hus i Midtbøvegen i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. nov. 2014 11:13

Onsdag litt før klokka 9 rykte Os brannvesen ut til Midtbøvegen.

– Det var huseigar sjølv som meldte frå. Han høyrde ein dur i pipa og gjekk ut for å sjå, og då oppdaga han at det kom gneistrar ut av pipa, fortel Anne Kjersti Storebø frå Os brannvesen.

Brannvesenet var raskt på plass og fekk sjekka pipa.

– Det var litt chips, som vi kallar det, noko avleiring som sat fast øvst i pipa. Nedover i pipeløpet var det ikkje varmgang.

– Inni huset var det ingen problem med røyk eller liknande og vi skal opp igjen i ettermiddag, når pipa er heilt kald, for å sjekka den meir grundig.

Kjøkkenvifte henta røyk frå utsida

Også i 16-tida i går var det full utrykning, då til Søfteland.

– Alarmen gjekk i eit bufellesskap for eldre i Internatvegen, fortel fungerande brannsjef Arne Monsen.

Framme på plassen viste det seg at røyken som hadde løyst ut alarmen hadde blitt henta inn frå utsida av kjøkkenvifta i huset.

– Det var ingen brann, berre fyr i omnen og vindforhold og vifte som fekk litt for mykje røyk inn igjen i huset.

Unngå pipebrann

Talet på pipebrannar i Os har gått ned frå 8-11 i året frå 2002 til 2008 til 2-6 i året dei siste åra.

Utrykkinga onsdag var den femte til pipebrann i år.

– Det er tida for det no når det byrjar å bli kaldare.

– Bruk tørr ved og fyr med god trekk, utan for mykje ved i omnen samtidig, så er du med på å førebygga pipebrann, seier Storebø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.