Lokal | 24. okt. 2020

Pipebrann på Steinneset

– Dei gjorde alt rett, seier varabrannsjef Erik Walden.

Pipebrann på Steinneset
På veg med feiekost for å dra gjennom pipa på Steinneset i kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. okt. 2020 19:03

Laurdag i 19-tida fekk Bjørnafjorden brann og redning melding om pipebrann, sesongens første, denne gong i nabolaget til avtroppa brannsjef Stein Gjøsund.

– Dei som bur i huset ringte eit fagkyndig familiemedlem, som tipsa dei om å stenga spjeld og varsla 110, fortel Walden.

Brannvesenet hadde blant anna lift med på utrykkinga. Varabrannsjefen kom sjølv nedom etter dei andre.

– Forbigåande skal ha sett gneistrar ut pipa, men eg trur ikkje liften var i bruk.

– Det heile gjekk fint. Det kom ikkje tøyk i huset, så dei kan bu der vidare. Vi trekte gjennom med feiekost, og skal tilbake på inspeksjon når pipa er kald. I mellomtida har dei fyringsforbod.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.