Pirattaxi og narkotika
Politirapporten: Store bøter ventar på pirattaxisjåførar. To tatt med narkotika. Russen skikka seg fint.
Førre helg blei ein piratsjåfør som plukka opp passasjerar utanfor taxibua på Osøyro sperra inne av to lovlege drosjar.
- Også denne helga har vi mistanke om at det har gått føre seg piratkøyring, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
- Det er nokon som ikkje helt har forstått det enno.
- Vi kjem til å følgje denne aktiviteten tettare opp i tida som kjem. Dei som blir teken kan vente seg store bøter og avskilting av bilen, åtvarar politioverbetjenten.
Fann narkotika x 2
I løpet av helga har politiet gjennomført ransaking på to forskjellige bustader i bygda.
- Det første tilfelle var etter mistanke om narkotika og tjuveri. Der fann vi mindre mengder narkotiske stoff.
- På den andre saka pågreip vi ein etter at vi fann ei mindre mengde hasj og nokre tablettar, fortel Sperrevik.
Oppførte seg fint
Politiet fekk melding om at russen skulle ha eit arrangement i Ervikane laurdag.
- Så langt eg kjenner til gjekk det fint for seg der ute.
Riktig så fint gjekk det ikkje for seg i sentrum. Ein rusa person måtte takast med til helsevesenet. Ein anna blei tatt for å urinere på offentleg stad.
Ber folk følgje med
På Søfteland har det vore fleire tilfelle av uønska aktivitet den siste tida. Mellomanna innbrot på Søfteland skule og brann i eit postkassestativ.
- Det har vore eindel uønska aktivitet på Søfteland.
- Vi ber difor folk som observerar unormale bevegelsar eller ukjende folk om å tipsa oss om dette slik at vi kan følgje opp, avsluttar Terje Sperrevik.
Politiet treff du på 56 30 39 00 eller 480 02 480