Lokal | 12. juni 2012
Plaga dei ventande
Politirapporten: Mann plaga ventande i ferjekøen på Halhjem.
Andris Hamretysdag 12. juni 2012 10:13
Omlag 0430 natt til tysdag måtte politipatrulja frå Os lensmannskontor ta turen til ferjekaien på Halhjem for å ta hand om ein rusa mann i sluten av 50-åra.
- Han banka på bilane og plaga dei som satt og venta på ferja.
- Patrulja greip mannen og køyrde han til drukkenskapsarresten i Bergen, fortel lensmann Rasmus Dalen.
Elles har det vore eit stille døgn hjå lensmannskontoret rapporterar Dalen.
- Vi hadde ein trafikkontroll på Ulvenvegen i 23-tida i går kveld.
- Der blei 31 bilar kontrollert utan grunn til å reagera på nokon av dei.