Lokal | 14. okt. 2009

Plan, men ingen pengar

E39 Svegatjørn - Rådal står opplista i statsbudsjettet, men førebels utan at det ligg midlar bak. Regjeringa ventar på godkjening av bompengesøknad, noko som tar tid.

Plan, men ingen pengar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. okt. 2009 10:48

Bildeserie:

1 av 2

I går skreiv vi om E39 Svegatjørn-Rådal, som ikkje står på lista over parsellar som får midlar i det nye framlegget til statsbudsjett, men som abcnyheter.no likevel hadde med i ei liste over prosjekt som til saman får 14 milliardar kroner til oppstart i 2010.

Leiar for samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune, Gustav Bahus, kjente då ikkje til kva kjelde som var brukt.

Men med nærmare lesing av dokumentet frå samferdsledepartementet, på side 57, fann partikollega Arne Sortevik dette:

"I tillegg arbeides det med opplegg for delvis bompengefinansiering av en rekke prosjekter. For noen av disse kan det være aktuelt med anleggsstart i 2010. Bl.a. er det aktuelt med bompenger til prosjektering, grunnerverv og eventuell anleggsstart på følgende større riksvegprosjekter i 2010 (over 100 mill. kr):
• E18 Sydhavna i Oslo
• Rv 2 Kongsvinger – Slomarka, Kongsvinger og Sør-Odal kommuner i Hedmark
• E18 Gulli – Langåker, Tønsberg, Stokke og Sandefjord kommuner i Vestfold
• E39 Svegatjørn – Rådal, Os og Bergen kommuner i Hordaland
• E16 Fønhus – Bagn – Bjørgo, Sør-Aurdal og Nord-Aurdal kommuner i Oppland
• E6 Sentervegen – Tonstad, Trondheim kommune i Sør-Trøndelag."

- Men du kan ringa departementet og høyra med dei kva som ligg bak. Eg tør vedda på at det ikkje er ei einaste krone, seier Sortevik.

- Rammene blei vedtatt i Nasjonal Transportplan i vår, detaljane år til år kjem i handlingsprogrammet, og dette er ikkje klart enno. Men det er spennande å sjå kor mykje vi får i starten og kor mykje som må lånefinansierast, sa Terje Søviknes til Midtsiden.no tysdag kveld.

Ventar på godkjenning
Ivar Torvik frå samferdsledepartementet tok ein runde med undersøking før han ringte opp igjen til Midtsiden.no.

- Førebels må du halda deg til det som står på side 57. Det står ikkje meir om status og framdrift. Fram til bompengesøknad er godkjent i stortinget kjem det nok ikkje noko meir konkret, seier Torvik.

Eli Berland (H) frå Fjell er styreformann i bompengselskapet. Ho har fått epost frå departementet med den same informasjonen som står på side 57 i dokumentet.

- Vi aner ikkje i dag kor mykje det blir frå staten i første omgang. Vi hadde håpa på at handlingsprogrammet til NTP skulle koma samstundes, men det gjorde det ikkje.

- Korleis ligg de an med bompengesøknaden?

- Den er til handsaming, men blir ikkje sett på før vi har fått over revidert versjon. Årsaka til at den må reviderast er at kostnadane har endra seg, i tillegg er det tatt ny trafikkteljing.

Tala frå trafikkteljinga ligg til kvalitetskontroll. Når desse kjem inn til styret må revidert plan skrivast, og denne skal godkjennast politisk.

- Vi rekk nok dessverre ikkje dette før møtet i fylkestinget i desember. Neste møte i fylkestinget er i mars, fortel Eli Berland.

Med dette ser det ut som om prosjekteringa kan koma til å starta i 2010, men det blir kanskje ikkje noko spadetak før i 2011.

Prislappen på den nye vegen er 3,8 milliardar kroner. Det meste er det bilistane som skal betala.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.