Kultur | 25. feb. 2016

Plateaktuell Myrna til Os

Fredag er det release-konsert på Lille Ole Bull i Bergen, neste veke speler Myrna Braza på Os med sitt nye partyband.

Plateaktuell Myrna til Os
Myrna Braza, her i Vognhallen i 2011, speler med partybandet sitt i Symrasalen når Osfest skal ha frivilligfest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kari M. Lyssandtorsdag 25. feb. 2016 18:58

På valentinsdagen 14. februar sleppte Myrna Braza sitt nye soloalbum, «Story of I», eit album musikkmagasinet HISSIG beskriver som «neosoul tett opp til utenlandske forbilder, der egenarten kommer frem gjennom gjennom den litt ru og dype stemmeklangen hennes».

– 14. februar var eg og Thomas sin 10- årsdag som kjæraster så vi bestemte oss difor å feire dagen med eit plateslepp, så plata er eit slags «hjarteborn», fortel Myrna.

Myrna sin kjærast og produsent er osingen Thomas «TomTom» Bruarøy Haugland, svigerforeldrene er tekstilkunstnar Bente Haugland og ungdomsskulelærar Ånon Valle. Myrna er også medlem av Os Rockeklubb og har jobba saman med fleire musikarar frå Os, som Gina Aspenes, Eirik Søfteland og Ole Reinert Berg-Olsen.

– Og så får eg alltid hjelp av Kjetil Osablod Grønvigh, som fikser og tilrettelegg alt mogleg. Musikkmiljøet på Os er heilt fantastisk!

Seinast før jul song ho på julemarkanden i Os sentrum, og ho har og vore med å arrangera ny korvokal til «Song til Os» som kom ut i ny drakt i 2015.

– Vi er grisegode

Songane på den nye plata har ho skrive saman med kjærasten og Myrna skildrar låtane som ei samansmelting av soul, funk, jazz, r&b, blues og pop.

– Nokre av låtane er designa for dansegulvet, mens andre er djupe soulballadar.

Ho er så stolt og glad over tilbakemeldingane ho har fått på det nye albumet som så langt har vore over all forventning.

– Eg gler meg noko enormt til å dela musikken med endå fleire. Soul og funk er jo ein snever sjanger i Norden, men eg er klar for å overbevisa alle om at dette er god musikk som verkeleg er verdt, både å sjå og høyre på og som også vi her heime er grisegode på!

Vil få folk på dansegolvet

Laurdag 5. mars står ho på scenen på Nore Neset med det nye partybandet sitt Oh Snap! når Osfest arrangerer vorspiel i Symrasalen.

Då er det ikkje hennar låtar som står på lista, men hitmusikk frå mellom anna Maroon 5, Bruno Mars, James Brown og Jackso 5 som skal runga ut av høgtalarane.

– Oh Snap! Er eit gøyalt og uhøgtideleg prosjekt som eg er med på ved sida av min eigen musikk, og tanken bak er at vi ikkje skal halda tradisjonell konsert, men rett og slett underhalda.

– Om folk dansar så er det suksess!

Bandet består av Sigmund Vik, Francesca Strano Tvedt og osingane Thomas Haugland og Trond Helge Foss.

– Og så meg då, så vi er faktisk 2,5 av 5 som er osingar, seier Myrna og ler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.