Kultur | 09. juli 2015

– Plutseleg tok billettsalet av

VIDEO: Sånn var stemninga då Ausekarane var i Øyane. Søndag kjem dei til Os med show, grilling, pub og pianobar.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. juli 2015 09:00

– Det har vore eit eventyr, seier Jan Arne Knutsen, bookingansvarleg for Ausekarane.

Ausekarane fekk ein rekordgod start på årets turné med ferja Showline, «Me veit kor du bur».

Les rapport og sjå bildeserie frå showet på Vedholmen (Øyane).

– Det har halde fram med utselt show blant anna måndag, tysdag og onsdag denne veka, seier Knutsen.

Tysnes - Bergen - Os

Showline er i skrivande stund på veg frå Askøy til Tysnesfest, der festivalen dei siste åra har leigd inn Endresen og Jensen og co til å flytta showet på land, i Bermudateltet ved butikken på Våge.

Etter to ettermiddagar på Våge går turen til tre show i Bergen før Ausekarane søndag kjem til Os.

– Der låg vi på 60 selte billettar då turneen starta. Det var litt lite sal lokalt på bensinstasjonen, så vi flytta alt over på billettservice og plutseleg tok salet av.

Det er, som i Øyane, selt over 200 av 300 billettar tre dagar på førehand. Ausekarane ventar likevel full båt både under showet og etterpå.

Showline byr nemleg på grillmat, platesignering, pub og pianobar om bord etter showet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.