Politiet fortel om fire ulike meldingar frå firma som har hatt ubehagelege opplevingar med aust-europerane (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Politiet åtvarar: Besøker firma i Os for å svindla

– Ikkje nytt aust-europearar som tilbyr sliping av verktøy. Rekninga kan bli mykje høgare enn pristilbodet!

Av: Andris Hamre

Os lensmannskontor går onsdag ut med ei åtvaring om å nytta slipetenester frå aust-europearar.

– I løpet av det siste døgnet har politiet på Os motteke melding frå fire ulike firma som har hatt ubehagelege opplevingar med tre formentlege aust-europearar, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen i ei melding til lokale medier.

Har vore trugande

Dei skal ha oppsøkt firma og tilbydd slipetenester for verktøy.

– Det har blitt avtalt pris den eine dagen (10.000 kroner). Når verktøyet leveres tilbake neste dag blir det krevd ein mykje høgare pris (70.000 kroner).

– Personane har ved oppmøte opptrådd svært trugande og framsatt trugslar mot tilsette i firma.

– Politiet åtvarar sterkt mot bruk av tenestene som tilbys. Aktørane er å sjå på som useriøse ved sin opptreden og pengeoppgjer, understreker Hadler-Olsen.

Det skal vera nytta ein sølvfarga svenskregistrert Mercedes.