Det nye lensmannskontoret blir lokalisert på tomta ved sidan av Beredskapssenteret på Moberg (arkivfoto: KVB)

Politiet flyttar til Moberg

Blålysetatane samlokaliserast på Moberg. Politiets fellestjenester skriv leigekontrakt med Os kommune.

Av: Andris Hamre

Det har tatt si tid før det blei avklart at Os lensmannskontor flytter frå Irisgården til ein nybygd politistasjon ved siden av Beredskapssenteret på Moberg. Dermed blir alle nødetatane samla på same område.

– Vi er veldig godt nøgd. Både med plasseringa og ikkje minst det at vi no skal få nye lokaliteter som er tilpassa dagens krav, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Han ser også fram til eit enno tettare samarbeid med dei andre nødetatane.

– Det blir bra å kome nær beredskapssenteret og dei andre nødetatane. Eg håper prosessen med prosjektering og bygging kan gå raskt og har eit håp om at vi kan vera på plass innen utgangen av 2019, men det er det ikkje vi som styrer, seier lensmannen.

– Ein gledens dag

Ordførar Marie Bruarøy (H) visste ikkje at Politiet Fellestjeneste (PFT) hadde bestemt seg for Os kommune som leverandør då Midtsiden ringte ho. Etter å ha fått det stadfesta seier ordføraren at dette er ein gledens dag.

– No ser vi fram til å sette i gang og bygge. Lensmannskontoret i dag er lite og har ikkje ein hensiksmessig plassering. Det har fungert, men vi ser fram til dei synergiane det kan gi ved å ha plassert også politiet ved beredskapssenteret. Både i krisesituasjoner, men også med tanke på øving og trening. Det er noko med å vera tett på kvarandre, seier ordføraren.

Har ønskt det i mange år

At beredskapssenteret, og no lensmannskontoret, ligg på Moberg er ikkje tilfeldig.

– Det var eit bevisst val då vi skulle byggje beredskapssenteret. Plasseringa er sentral med tanke på at nødetatane skal kunne nå heile kommunen raskt.

– Det å no få samla alle blålysetatane er noko vi som kommune har ønskt i mange år.

Samlokaliseres med OHARA

Den nye bygnaden som skal huse politiet skal også huse drifta av hovudreinseanlegget.

– Dei to tenestene blir sjølvsagt adskilt, men blir under same tak. Bygget blir tilrettelagt både for politiet sine behov og for OHARA sine.

– Det har tatt tid, siden forespørselen blei utlyst frå PFT?

– Ja, eg skal innrømme at det har vore ein tung prosess å koma fram til der vi er i dag, men det er godt at det no er landa. Dette er ein gledens dag, avsluttar Bruarøy.

Fleire saker