Politiet henta sovande slektning
Politiet har i helga fått melding om festbråk, tjuveri, nabokonflikt og «ubehageleg gjest».
Klokka 03.30 natt til laurdag fekk politiet melding om en gjest på Solsiden som oppførte seg på ein ubehageleg måte.
– Vi møtte mannen i 03.50-tida og han fekk pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum, fortel politibetjent Anne Lyssand.
Ein time seinare fekk dei melding, via legevakt, om ein annan gjest som måtte fjernast.
Det skal ha vore ein litt ustabil person som hadde sovna på ei privat adresse, der han tidlegare same kveld var gjest. Men patruljen fekk han i marsj retning heim.
Søndag formiddag i 11-tida fekk politiet melding om tjuveri.
– Ei dame som var på Solsiden natt til søndag finn ikkje veska si igjen, og trur den er stolen. Det er ei svart veske med lommebok, solbriller og sminke i.
Krangel og skriking
Laurdag fekk politiet melding om ein nabokonflikt.
– Konflikten handlar om parkering og skal ha vart ei stund. Partane har engasjert advokatar og har rettsleg oppgjer på gang, men laurdag blei det litt mekling for å unngå eskalering av konflikten.
I 22.20-tida kom melding om skriking og krangling i ei heim. Konflikten skal ha vore mellom ungdom og foreldre og blir førebels ikkje sett på som ei politisak.
Kappa teine-tau
Klokka 22.30 laurdag fekk politiet melding frå ein båt som hadde fått tau på propellen i Lysefjorden.
– Båtførar klarte seg sjølv, men ville melda ifrå om at han hadde kappa eit tau som truleg var festa til ei teine eller eit garn. I tilfelle nokon saknar dette, så er det altså ikkje stole.
Fredag kveld var politibåten Kjølen i Os. Ein båtførar skal ha fått muntleg pålegg om utbetring og bruk av lanterne.
Mopedførar fekk forelegg
Politiet hadde laurdag i 23.30-tida promillekontroll på Ulven.
Alle dei 16 bilførarane som blei kontrollert var edru.
Klokka 03.45 natt til søndag stoppa dei ein moped som hadde manglar, noko som førte til forelegg og krav om utbetring av feil før mopeden kan brukast igjen.
Midtsiden samleside: Politisaker