Lokal | 22. jan. 2020

Politiet og vegvesenet med 15 reaksjonar

Hadde kontroll to stadar i Os tysdag kveld.

Politiet og vegvesenet med 15 reaksjonar
Politiet var med vegvesenet på to kontrollar i Os tysdag kveld. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. jan. 2020 08:41

Tysdag kveld hadde Statens vegvesen, saman med politiet, kontroll både på E39 Byvegen i Hjellemarka og E39 Halhjemsvegen på Halhjem ferjekai.

43 køyretøy var inne på kontrollplassane, 32 av desse blei kontrollerte - og det kom 15 reaksjonar.

– Ingen av bilførarane hadde promille, men vi skreiv ut forelegg til ein bilførar som køyrde med svakt nærlys, langlys som sto i feil vinkel og manglande vindusviskar på passasjersida av frontruta, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Vegvesenet sette ned bruksforbod på bilen. I alt sju køyretøy fekk teknisk mangel grunna lys.

I tillegg blei fire sjåførar kontrollerte for køyre- og kviletid, der éin fekk ei åtvaring og ein annan blei meldt til politiet.

Det blei skrive ut fire gebyr på dekk under minstemål.

På tokt før midnatt

– Utanom desse kontrollane var patruljen ute og stoppa eit par andre bilar. I Industrivegen var det ein bil som ikkje detvar betalt omregistrering av, dette var klokka 23.40.

– I eit nabolag på Søre Neset var det ein bil som mangla fleire formalitetar. Eigar hadde nett kjøpt bilen, og fekk litt tid på seg til å ordna dette med vegvesenet mot at han lovde å ikkje bruka bilen i mellomtida, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.