Politiet stoppa slåssing
Då festen var over tok det seg opp på utsida. Til slutt måtte politiet rykka ut.

Politet blei 03.50 natt til sundag kalla ut til ungdomsshuset i Øyane kor det hadde vore fest.
- Festen var over, men ein del av deltakarane heldt fram utanfor huset med slåssing og herping av veggane, fortel operasjonsleiar Myrtvedt hos Hordaland Politidistrikt.
Patruljen rykte ut og fekk stoppa bråket og avslutta festen.
17-åring køyrd heim
Ein av festdeltakarane, ein 17-årig gut, blei teken hand om av politiet og køyrd heim til mor.
- Han hadde nok både fått og gjeve frå seg i turmultane som oppsto på utsida av lokalet, så patruljen fann det best å få han heim, avsluttar Myrtvedt.
- I privat regi
Midtsiden.no har blitt kontakta av leiinga i ungdomslaget.
Dei presiserer at ungdomslaget ikkje var arrangør av festen, men at dei hadde leigd vekk ungdomshuset til private.