Gustav Bahus (Frp) og utvalsleiar Terje Sperrevik (Sp) i dagens møte i PBU. (Foto: Bjørnafjorden kommune-TV)
Gustav Bahus (Frp) og utvalsleiar Terje Sperrevik (Sp) i dagens møte i PBU. (Foto: Bjørnafjorden kommune-TV)

Politikarane er samla igjen - med visse smitteverntiltak

Her kan du følgja dagens møte.

Kjetil Vasby Bruarøy
07. mai 2020 - 11:05
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Måndag fortalte administrasjonen i Bjørnafjorden kommune om opning for fysiske politiske møte igjen, det første sidan torsdag 12. mars.

Plan- og bygningsutvalet var sist ut og først inn då dei stara møtet sitt torsdag morgon - i kommunestyresalen, så dei ni medlemmane får trygg avstand frå kvarandre.

Av andre smitteverntiltak er plast over mikrofonane og sprit lett tilgjengeleg - for handvask, naturlegvis.

På sakslista står blant anna klage på vedtak om godkjenning områderegulering av Revsåsen sør, spørsmål om oppstart av detaljregulering av Skeisstøa, Nordstølen 36/12 og ei lang rekkje delegerte saker, som blant anna handlar om dispensasjonar, klagesaker og umiddelbar stopp av byggeprosjekt.

Kommune-TV sender direkte frå møtet. Sendinga ser du under eller på bjornafjorden.kommunetv.no, der du kan trykka direkte til den saka du vil følgja.

Les meir om

Lokal Korona Politikk