Politikarane i mål med arealplanen
Etter 12-13 timar i møte har administrasjonen fått fullmakt til å legga planen ut til ettersyn.
Etter to års arbeid og ein hektisk innspurt med tre møte i mai og to i juni, inkludert dagens møtemaraton, har plan- og bygningsutvalet kome i mål.
Administrasjonen har, når dagens vedtatte endringar er lagt inn, fått fullmakt til å legga forslag til arealplan i Os kommune ut til offentleg ettersyn.
– Vi kan takka eit solid forarbeid av administrasjonen og ein heroisk innsats av politikarane for at vi klarte dette før sommaren, slik vi håpa på, seier leiar for PBU, Gustav Bahus, etter møtet.
• Sjå sakspapira på oskommune.no
Blant dei siste sakene som sto igjen var føresegnene, som politikarane starta på i førre møte, og soneforvaltning av Oselvvassdraget.
Forslaget til arealplan inneheld òg ny nærsenterstruktur, der kvart einaste innspel har blitt behandla og votert over, eit arbeid som naturlegvis har kravd mykje.
– Omfanget av denne planen er ikkje så mykje større enn ved tidlegare arealplanar, men arbeidsmetoden etter nytt regelverk har gjort at det har vore ein ekstra arbeidskrevjande prosess.
Møtet blei sendt direkte på kommunetv.no - her kan du sjå opptak av møtet.