Fylkesutvalet vil auka kapasiteten på anleggsteknikkfag ved Os vgs. Her frå skuleområdet i 2017. (Foto: KVB)

Politisk vilje til utviding ved Os vgs

Hordaland fylkesutval vil auka anleggteknikklinja med to klassar.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Då fylkesutvalet behandla justering av klassetilbodet for Hordaland fylkeskommune sine vidaregåande skular var det politisk semje om å søka å utvida landslinja vg2 anleggsteknikk. 

Utvalet ber no fylkesrådmannen gå i dialog med nasjonale styresmakter med mål om at midlane til vert auka tilsvarande to klassar. 

Høgre la fram forslag om oppretting av ein klasse som kombinerer toppidrett og bygg og anleggsteknikk ved Arna vidaregåande skule, men dette sa fylkesutvalet nei til.

– Bransjen har behov for dette

Vi får tak i rektor Johan Henrik Lassen og avdelingsleiar bygg- og anleggsteknikk midt i ei juleavslutning, men til Midtsiden fortel dei at det er kjekt at politikarane og næringslivet har sett behovet for ei auke i utdanningstilbodet på denne linja.

– Bransjen har eit reelt behov for at fleire tek denne utdanninga, seier rektor Lassen. Skal nokon byggja vegane som Nasjonal Transportplan legg opp til, må ein òg ha folk til å gjera jobben. 

– Desse signala frå fylkesutvalet er noko vi ser positivt på her på skulen, og vi skal kunne klara å ta i mot utfordringa, avsluttar Svellingen. 

Fleire saker