Lokal | 16. jan. 2016

Populær ølkveld på Catten

Om lag 40 ølhundar fann vegen då bryggerimeister Gahr Smith-Gahrsen frå 7 Fjell Bryggeri heldt ølskule på Catten.

Populær ølkveld på Catten
Interesserte og engasjerte ølhundar følgde nøye med då Gahr Smith-Gahrsen frå 7 Fjell bryggeri held ølskule fredag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 16. jan. 2016 10:43

Bildeserie:

Gahr Smith-Gahrsen og Bjarte Andersen på Catten var godt nøgd med frammøte (foto: AH)
Gahr Smith-Gahrsen og Bjarte Andersen på Catten var godt nøgd med frammøte (foto: AH)
1 av 1
Gahr Smith-Gahrsen og Bjarte Andersen på Catten var godt nøgd med frammøte (foto: AH)

Heimebrygging er i skotet om dagen. Det vitna fredagens ølskule på Catten om. 40 ølbryggarar, både erfarne og heilt ferske, og andre øl-interesserte, stilte for å plukka opp tips og triks frå ein av nestorane i handverkbryggerimiljøet, Gahr Smith-Gahrsen.

– Om ølet er godt handlar ekstremt mykje om opplevelsen når du drikker det. Den beste ølen eg har smakt er faktisk ein Hansa Fatøl. Den drakk eg saman med ein kompis tidleg på 90-talet etter at vi flytta inn i ei sliten leilegheit i tredje etasje i ein bygard i Bergen. Det å sitta i vindauget og dingle med beina med ein kald ein er mitt favoritt øl-minne, fortalde Smith-Gahrsen.

Hylla konkurrentane

Smith-Gahrsen gav dei frammøtte innblikk i korleis dei på 7 Fjell bryggar ølet, korleis dei blandar malt og humle, kva som skjer om ein endrar litt på oppskriftene og serverte sjølvsagt smaksprøver på Småtøs, Kjuagutt, Fløien, Ulriken og Rundemanen slik at dei frammøte sjølv kunne freiste å kjenne att dei smakane og aromaene bryggerimeisteren snakka om.

På spørsmål om kva han sjølv tykkjer er det beste ølet, både av eigen produksjon og av andre sitt blei han ståande litt fast.

– Det er eit spørsmål vi får ofte og har vel bestemt oss for at vi skal svara konsekvent Småtøs når det gjeld vårt eige øl, men sanninga er at det stort sett er det siste vi bryggjer som smakar best.

– Når det gjeld dei andre sitt så er det utruleg mange bra norsk bryggerier som held så høg kvalitet. Det som er skikkelig kult er at så mange av dei gode bryggeria ligg på Vestlandet, smilte han med referanse til mellomanna Lervig, Kinn og Lysefjorden,

Sparer ikkje pengar

Innimellom artige historiar frå si eiga bryggekarriere og historier om dei forskjellige øltypane, til dømes korleis Indian Pale Ale (IPA) kom til, røpa Smith-Gahrsen ein hemmelegheit dei fleste av mannfolka i salen skulle ønskje forblei ein hemmlegheit for ho der heime.

– Den som byrjar med heimebrygging for å spare penger er berre dum. På eitt år kjem du til å bruke sinnsykt med penger. Du kjøper deg massevis av utstyr for å laga eitt litt betre øl, men det viktigaste du kan gjera for å laga eit godt øl er å ha god kontroll på gjæringa. Det er der sjølve nøkkelen ligg. Utover det kan du som heimebryggar gjera akkurat som du vil, avslutta bryggerimeisteren som i fjor brygga 279 000 liter øl i bryggerilokala på Bønes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.