Næringsliv | 07. okt. 2011

Populær ulv på Øyro

Då Nordisk rom opna dørene torsdag tok ein ulv i mot dei nysgjerrige kundane.

Populær ulv på Øyro
Andris Hamrefredag 07. okt. 2011 19:26

Katrine Brattfjell Heggland opna tordag det siste skotet på stammen av butikkar på Osøyro.

- Det var ei utruleg kjekk oppleving med masse folk innom den første dagen, strålar Brattfjell Heggland då Midtsiden.no er innom fredag ettermiddag.

Brattfjell Heggland valde å satse på nordisk design då ho fulgte draumen og opne interiørbutikk i Brugata.

- Opningsdagen gjekk over all forventing. Eg selde godt og ser allereie at eg må fylle på eindel varer.

- I tillegg sett eg utruleg pris på alle dei hyggelege helsingane frå folk som stakk innom, seier Brattfjell Heggland.

Ein av reaksjonane som gjekk att var kor stort og triveleg lokale var blitt.

Ulv frå Bergen

Ei av dei mest populære artiklane synte seg å vera tapetstriper (panel pieces) med forskjellige motiv. I butikken har ho satt opp eit eksempel med ein ulv.

- Denne viste seg å vera veldig populær. Det var ikkje alle som turte å koma heim med ein ulv etter eit besøk på Os, men fann andre motiv som dei tok med seg.

- Det er forresten ein veldig enkel måte å fornye eit rom på med å sette opp ei slik tapetstripe, reklamerar den nye butikkinnehavaren.

Motiva er skapa lokalt ved Skandinavian Surface i Bergen.

«Treige» danskar

Framleis er det relativt god plass i hyllene hjå Brattfjell Heggland.

- To av leverandørane mine som held til i Danmark klarte ikkje å levere varene eg hadde bestilt til opninga.

- Det var litt kiipt, men eg håpar dei kjem inn dørene i løpet av dei nærmaste dagene, avsluttar Brattfjell Heggland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.