Næringsliv | 29. juli 2010

Populære prinsessebilar

Osingen Bjørn Askvik har hatt nokre spesielle bruktbilsal denne sommaren. I går fekk han inn den siste kongelege V70-en.

Populære prinsessebilar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. juli 2010 05:39

Bildeserie:

1 av 6

Bilane som frakta kongelege gjestar under prinsesse Victoria sitt bryllup har gått unna som skillingsbollane på Vedholmen denne sommaren.

- Alle bilane vi har fått inn har gått rett ut igjen, fortel den tidlegare båtseljaren, Bjørn Askvik hos Frydenbø Bilsenter.

Bilane det er snakk om er nummererte, spesialbestilte Volvo V70, med bryllaupsemblem, drivstoffeffektive DRIVe-system og spesiallaga interiør.

Dei brukte prinsessebilane har berre kjørt 1200 kongelege kilometer, under prinsesse Victoria og Daniel Westlings bryllaup 19. juni i år. Årsmodellen på bilane er 2011.

- Det er tydeleg at mange synes dette er stas, vi får telefonar frå heile landet. Bilane er godt utstyrte og nesten ikkje brukt, men det er nok dei fine emblema som drar opp interessa, seier Askvik, og viser prinsessekrona på skjermen, på terskelplata og i nakkestøttene.

I nakkestøtta til føraren er nummeret i rekkja. Den siste prinsessebilen Askvik har for sal er nummer 56/100.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.