Sport | 08. juni 2016

Populært med fotballskule

Fotballskule er populært blant borna i Os, og av dei fire ulike tilboda i juni er to av dei allereie fullbooka.

Populært med fotballskule
Fotballskulene er populære. To av fire er allereie fullbooka (foto: KVB)
Kari M. Lyssandonsdag 08. juni 2016 12:19

Det nærmar seg sommarferie og for mange av borna bytar dei ein skule med ein annan av det meir frivillige slaget.

I juni startar det opp fire fotballskular i Os i regi av Nore Neset IL, Lysekloster IL, Søre Neset IL og Os Turn Fotball.

Fullbooka på 48 timar

Søre Neset kjører i år, som tidlegare år, Tine fotballskule 24.-29. juni.

– I løpet av 48 timar blei dei 80 plassane fyllt opp. Vi har tatt inn nokre fleire så vi blir nok rundt 90 deltakarar, fortel Jan Vidar Alnes frå Søre Neset Idrettslag.

Dei gjentek oppskrifta frå tidlegare år med opplegg frå Tine og i tillegg til fokus på fotball blir det leik og moro.

– Vi har pleid å ha besøk av brannvesen og politi og i tillegg kjem det Brann-spelarar på besøk, seier Alnes som gler seg til banen på Søre Neset blir fyllt med fotballglade born.

Tine Fotballskule
Stad: Søre Neset
Dato: 27. - 29. juni
Tid: 10.00 - 14.00
Alder: 6 - 12 år
Pris: 600,- (10,- søskenrabatt)
Kapasitet: 80-90 born (Fullbooka)

Lang opningstid

I Lysefjorden arrangerer dei òg Tine fotballskule, men veka før dei går i gang på Søre Neset.

Ståle Steen Sæthre har ansvaret for skulen og han fortel at dei har hatt litt fokus på at foreldra skal kunne vera på jobb medan borna er på fotballskule.

– Difor har vi valt å halda ope frå klokka 07.30, men at foreldra kan levere når det passar dei best. Vi kjem til å eta ein lett frukost saman før vi går i gang med opplegget for dagen.

Skulen vil halda ope fram til klokka 16.00.

Det tikker inn med påmeldingar også her, men Sæthre har ikkje satt noko tak på kor mange born som får plass.

– Vi har god kapasitet og henter inn trenarar etter kvart som vi ser kor mange vi blir.

Trenarane vil vera frå A-laget og frå trenarstallen til Lysekloster.

– Fotballskulen var ein stor suksess i fjor og vi håper på det same i år.

Tine fotballskule er ikkje einaste fotballskulen til Lysekloster. 13. - 17. august arrangerer dei den populære spanske fotballskulen med trenarar frå Atletico Madrid som kjem med sitt eige opplegg.

– Vi har opna for påmelding. Skulen har vore ein kjempesuksess, born kjem frå lag utanfor Os-bygda for å vera med, fortel Sæthre.

Tine fotballskule
Stad: Lysekloster
Dato: 22. - 24. juni
Tid: 07.30-16.00
Alder: 1. - 6. klasse
Pris: 800,- (200,- i søskenrabatt
Kapasitet: Ukjent. Ledige plasser

Gjentar suksessen frå i fjor

Os Turn Fotball starta i fjor opp fotballskulen kalla Hassan El Fakiris fotballskole etter A-lags trenaren deira.

– Vi fekk kjempebra tilbakemeldingar på skulen i fjor og vi kjem til å kjøra mykje det same opplegget i år, men enno meir variert, fortel Endre Brenne frå Os Turn Fotball.

På Kuventræ blir det blant anna Mesternes Mester, teambuilding, fotballcup og besøk av Brann-spelarar.

– Vi har til no fyllt opp 100 av 150 plasser og rekner med at fleire påmeldingar kjem etterkvart.

Leiarane på cupen vil vera spelarar frå herre- og damelaget til Os. Skulen avsluttast med pizzafest siste dagen.

Os Turn Fotball kjem òg til å arrangera fotballskule i august.

Hassan el Fakiris fotballskule
Dato: 27. - 29. juni
Tid: 09.00 - 14.30
Alder: 1. - 7. klasse
Pris: 1000,- (750,- for 1. søsken og 500,- for 2. søsken)
Kapasitet: 150. Ledige plasser

Rett frå skulebenken

På Nore Neset gjekk det berre ei veke så var alle dei 100 plassane på Umbro fotballskole tekne.

– Det har gått heise fort og det er veldig gledeleg å sjå. No har vi 4 på venteliste, fortel Jan Erik Døsen frå Nore Neset IL.

Som tidlegare år køyrer dei Umbro fotballskole og deler borna inn i grupper der dei får prøva mykje forskjellig.

– Det har vore alt frå orientering, klatregruppe til løpetrening og koordinisasjon, og fotball sjølvsagt. Borna har vore kjempenøgd så vi kjører år tilsvarande opplegg i år og.

I fjor prøvde dei eit nytt opplegg der ein kan gå rett frå skulen siste skuledag og vidare på fotballskule.

– Skulane sluttar av i 11- tida så for dei som ønskjer det så har vi i år og tilbodet om fotballskule siste skuledag. Det var ganske mange som valte 4-dagars fotballskule i fjor.

Umbro fotballskule
Dato: 21. - 24. juni (evt oppstart 22. juni)
Tid: 12-16 tysdag, 9-14 onsdag-fredag
Alder: born fødd mellom 2008 - 2003
Pris: 1000,- (4 dager) 850 (3 dager). Born på FFO er fritatt betaling tysdag.
Kapasitet: 100 (Fullbooka)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.